Forfattar Markus Pedersen đŸ“šđŸŒ±'s avatar

Forfattar Markus Pedersen đŸ“šđŸŒ±

@markus@prosa.skvip.lol · 5 following · 17 followers

Forfattar som slit med Ă„ innsjĂ„ at dei er . ✍ Skriv tekstar i ymse sjangrar pĂ„ . :fosse:

Her finn du diverse dikt og anna kortprosa som eg skriv pÄ.

Finn mine vanlege tankar pÄ @markus.

SmÄbloggBileteLesingAlle profilar

@markus

@markus

@mvrkws

https://myself.social/@markus

Forfattar Markus Pedersen đŸ“šđŸŒ±'s avatar
Forfattar Markus Pedersen đŸ“šđŸŒ±

@markus@prosa.skvip.lol

Introduksjon

Hei!

Eg er forfattar Markus Pedersen. Eg har tidlegare gjeve ut ein teikneserietrilogi om nokre udugelege superheltar kalla (https://www.uberpress.no/collections/udugeleg-collection).

For tida prĂžvar eg meg i heilt andre banar enn superheltar med dikt og anna kortprosa. Eg er i ein prosess med Ă„ sende nokre samlingar rundt til forlag.

PĂ„ denne kontoen har eg tenkt Ă„ leggje ut nokre av desse tekstane eg skriv. Dei kan gjerne vera litt for lange for ein vanleg -konto, og difor nyttar eg til dette.

Det kjem til Ä vera ein del tekstar med tung tematikk, eg skal prÞve Ä vera flink med innhaldsfilter pÄ dei aller tyngste.

Min kvardagslege konto er @markus. Eg nyttar den som ein smÄblogg, sÄ der finn du allslags tankar om allslags greiar.

Eg vonar du vil fĂžlgje meg her sjĂžlv om du fĂžlgjar meg annastads allereie!

Forfattar Markus Pedersen đŸ“šđŸŒ±'s avatar
Forfattar Markus Pedersen đŸ“šđŸŒ±

@markus@prosa.skvip.lol

Atten tusen sekund

Berre fem timar
SÄ lenge mÄ eg halda ut
Det mÄ eg klara
Berre fem timar
Som ein leik
Berre ti halvtimar
Nesten ingenting
Tjue kvarter
NeidÄ
Berre tretti ti-minuttarar
Fort som svint
Seksti fem-minuttarar, berre
Ikkje meir
Tri hundre minutt Ă„ halde ut
GĂ„r kjapt
Atten tusen sekundar
Tida flyr
Berre atten tusen sekundar
Susar forbi
Sytten tusen ni hundre og nittini sekund
Tikk
Sytten tusen ni hundre og nittiÄtte sekund
Takk
Sytten tusen ni hundre og nittiÄtte og eit halvt sekund
Tikk
Sytten tusen ni hundre og nittiÄtte sekund
Takk
Sytten
Tikk
Tusen
Takk
Ni
Tikk
Hundre
Takk
La
Tikk
Meg
Takk
Halde
Tikk
Ut
Takk

———

Forfattar Markus Pedersen đŸ“šđŸŒ±'s avatar
Forfattar Markus Pedersen đŸ“šđŸŒ±

@markus@prosa.skvip.lol

Forsvinne

Den plutslege trangen
til Ä berre hoppe pÄ nattoget
og forsvinne
ut i natta

———

Sort tekst pÄ kvit bakgrunn som skal likne papir.

Tekst:

Forsvinne 
 
Den plutslege trangen
til Ä berre hoppe pÄ nattoget
og forsvinne
ut i natta
Sort tekst pÄ kvit bakgrunn som skal likne papir. Tekst: Forsvinne Den plutslege trangen til Ä berre hoppe pÄ nattoget og forsvinne ut i natta
Forfattar Markus Pedersen đŸ“šđŸŒ±'s avatar
Forfattar Markus Pedersen đŸ“šđŸŒ±

@markus@prosa.skvip.lol

Det regnar

Eg er pÄ bresten
PĂ„ randen
PĂ„ kanten av eit stup

Glaset mitt er fullt
Ei drÄpe frÄ Ä renna over

Det regnar

———

Sort tekst pÄ kvit bakgrunn som likar papir.

Diktet:

Eg er pÄ bresten  
PĂ„ randen  
PĂ„ kanten av eit stup  

Glaset mitt er fullt  
Ei drÄpe frÄ Ä renna over  

Det regnar
Sort tekst pÄ kvit bakgrunn som likar papir. Diktet: Eg er pÄ bresten PÄ randen PÄ kanten av eit stup Glaset mitt er fullt Ei drÄpe frÄ Ä renna over Det regnar
Markus les eit dikt. 

Diktet:
Eg er pÄ bresten  
PĂ„ randen  
PĂ„ kanten av eit stup  

Glaset mitt er fullt  
Ei drÄpe frÄ Ä renna over  

Det regnar
Markus les eit dikt. Diktet: Eg er pÄ bresten PÄ randen PÄ kanten av eit stup Glaset mitt er fullt Ei drÄpe frÄ Ä renna over Det regnar
Forfattar Markus Pedersen đŸ“šđŸŒ±'s avatar
Forfattar Markus Pedersen đŸ“šđŸŒ±

@markus@prosa.skvip.lol

Smil

Eg ser med eitt eit bilete av meg kor eg smiler
Og eg tenkjer at eg ikkje kjenner denne personen

———

Bilete med sort skrift pÄ kvit bakgrunn som skal likne papir.

Teksten:
Smil

Eg ser med eitt eit bilete av meg kor eg smiler  
Og eg tenkjer at eg ikkje kjenner denne personen
Bilete med sort skrift pÄ kvit bakgrunn som skal likne papir. Teksten: Smil Eg ser med eitt eit bilete av meg kor eg smiler Og eg tenkjer at eg ikkje kjenner denne personen
Forfattar Markus Pedersen đŸ“šđŸŒ±'s avatar
Forfattar Markus Pedersen đŸ“šđŸŒ±

@markus@prosa.skvip.lol

Fyrstikker

Kjempar mot vinden med ei pakke fyrstikker
Kvar stikke blĂŠs ut fĂžr ho tenner
Og fĂžr eg bit merke i det er fyrstikkpakka tom
Full av utbrente, feilgjorte stikker
Eg mÄ hÄpe dei plutseleg blir fungerande att
At eska fyller seg opp
At eg finn ei ny pakke
Men butikken er stengd
NÄr skal eg fÄ sjÄ ljoset att

———

Biletet visar sort tekst pÄ kvit bakgrunn som liknar papir.

Teksten:

# Fyrstikker

Kjempar mot vinden med ei pakke fyrstikker     
Kvar stikke blĂŠs ut fĂžr ho tenner  
Og fĂžr eg bit merke i det er fyrstikkpakka tom  
Full av utbrente, feilgjorte stikker  
Eg mÄ hÄpe dei plutseleg blir fungerande att  
At eska fyller seg opp  
At eg finn ei ny pakke  
Men butikken er stengd    
NÄr skal eg fÄ sjÄ ljoset att
Biletet visar sort tekst pÄ kvit bakgrunn som liknar papir. Teksten: # Fyrstikker Kjempar mot vinden med ei pakke fyrstikker Kvar stikke blÊs ut fÞr ho tenner Og fÞr eg bit merke i det er fyrstikkpakka tom Full av utbrente, feilgjorte stikker Eg mÄ hÄpe dei plutseleg blir fungerande att At eska fyller seg opp At eg finn ei ny pakke Men butikken er stengd NÄr skal eg fÄ sjÄ ljoset att
Forfattar Markus Pedersen đŸ“šđŸŒ±'s avatar
Forfattar Markus Pedersen đŸ“šđŸŒ±

@markus@prosa.skvip.lol

Demning

Ei kjensle til
Brest demninga
MĂ„ halde dei nede
Ikkje bresta no
Teip pÄ grunnmuren
Tyggis i sprekkane
Betongen er glĂžymd

———

Dikt pÄ bakgrunn som liknar papir.

Ei kjensle til
Brest demninga  
MĂ„ halde dei nede  
Ikkje bresta no  
Teip pÄ grunnmuren
Tyggis i sprekkane  
Betongen er glĂžymd  

Signert Markus Pedersen
Dikt pÄ bakgrunn som liknar papir. Ei kjensle til Brest demninga MÄ halde dei nede Ikkje bresta no Teip pÄ grunnmuren Tyggis i sprekkane Betongen er glÞymd Signert Markus Pedersen
Forfattar Markus Pedersen đŸ“šđŸŒ±'s avatar
Forfattar Markus Pedersen đŸ“šđŸŒ±

@markus@prosa.skvip.lol

Berre litt til

Som eit trykk
Til tidar valdsamt, til tidar Ăžmt
Kjenslar som vil fram, som eg ikkje er klar for
Eg mÄ vente, eg kan ikkje ta stilling no
Trykkar tilbake mot det
Overveldar meg sjĂžlv med alt eg kan
Distraksjonar og inntrykk
Andre ting
Ikkje dét som mitt indre vil kjenne pÄ
Eg er ikkje klar, la meg vera, i fred
La meg vera
Ver sÄ snill
Eg mÄ fÄ vera i fred, litt til, berre litt

Som ein klump
Ei valdsam greie, rett der
I kanten av synet, rett der den kan kimtast
Vil snu meg vekk, ikkje sjÄ, ikkje annerkjene
Ignorerar klumpen, dÄ gÄr den nok vekk
Eg veit den ikkje gjer det
Men eg kan lĂŠre Ă„ leve med den, den blir meg
Ein del av meg eg ikkje ser pÄ
Ein del eg gÄr vekk frÄ
HĂ„par ingen finner den, at ingen pirkar i den
La den liggja, berre litt til
Ver sÄ snill
La den liggja, ute av syne, litt til

Berre litt
Til

———

Forfattar Markus Pedersen đŸ“šđŸŒ±'s avatar
Forfattar Markus Pedersen đŸ“šđŸŒ±

@markus@prosa.skvip.lol

i orden

eg ser folk som er glade
hundar som lograr og grĂžne bladar

eg ser par som feirar
mĂždre som rĂždmar og fedre som klappar

eg lukkar gardinane mine
slik at eg slepper Ä sjÄ pÄ ting som er i orden