Forfattar Markus Pedersen 📚🌱
@markus@pixelfed.babb.no
#Bookfed #Bookstodon #BokTut #NorskPix #LitteraTut #Nobel
@markus@pixelfed.babb.no
@markus@pixelfed.babb.no
@markus@prosa.skvip.lol
Berre fem timar
Så lenge må eg halda ut
Det må eg klara
Berre fem timar
Som ein leik
Berre ti halvtimar
Nesten ingenting
Tjue kvarter
Neidå
Berre tretti ti-minuttarar
Fort som svint
Seksti fem-minuttarar, berre
Ikkje meir
Tri hundre minutt å halde ut
Går kjapt
Atten tusen sekundar
Tida flyr
Berre atten tusen sekundar
Susar forbi
Sytten tusen ni hundre og nittini sekund
Tikk
Sytten tusen ni hundre og nittiåtte sekund
Takk
Sytten tusen ni hundre og nittiåtte og eit halvt sekund
Tikk
Sytten tusen ni hundre og nittiåtte sekund
Takk
Sytten
Tikk
Tusen
Takk
Ni
Tikk
Hundre
Takk
La
Tikk
Meg
Takk
Halde
Tikk
Ut
Takk
———

Den plutslege trangen
til å berre hoppe på nattoget
og forsvinne
ut i natta
———
@markus@prosa.skvip.lol
Den plutslege trangen
til å berre hoppe på nattoget
og forsvinne
ut i natta
———
@markus@prosa.skvip.lol
Eg ser med eitt eit bilete av meg kor eg smiler
Og eg tenkjer at eg ikkje kjenner denne personen
———
@markus@prosa.skvip.lol
Eg ser med eitt eit bilete av meg kor eg smiler
Og eg tenkjer at eg ikkje kjenner denne personen
———
@markus@prosa.skvip.lol
Kjempar mot vinden med ei pakke fyrstikker
Kvar stikke blæs ut før ho tenner
Og før eg bit merke i det er fyrstikkpakka tom
Full av utbrente, feilgjorte stikker
Eg må håpe dei plutseleg blir fungerande att
At eska fyller seg opp
At eg finn ei ny pakke
Men butikken er stengd
Når skal eg få sjå ljoset att

Ei kjensle til
Brest demninga
Må halde dei nede
Ikkje bresta no
Teip på grunnmuren
Tyggis i sprekkane
Betongen er gløymd
———
@markus@prosa.skvip.lol
Ei kjensle til
Brest demninga
Må halde dei nede
Ikkje bresta no
Teip på grunnmuren
Tyggis i sprekkane
Betongen er gløymd
———
@markus@prosa.skvip.lol
Ei kjensle til
Brest demninga
Må halde dei nede
Ikkje bresta no
Teip på grunnmuren
Tyggis i sprekkane
Betongen er gløymd
———
@markus@pixelfed.babb.no
@markus@pixelfed.babb.no
@markus@prosa.skvip.lol
Som eit trykk
Til tidar valdsamt, til tidar ømt
Kjenslar som vil fram, som eg ikkje er klar for
Eg må vente, eg kan ikkje ta stilling no
Trykkar tilbake mot det
Overveldar meg sjølv med alt eg kan
Distraksjonar og inntrykk
Andre ting
Ikkje dét som mitt indre vil kjenne på
Eg er ikkje klar, la meg vera, i fred
La meg vera
Ver så snill
Eg må få vera i fred, litt til, berre litt
Som ein klump
Ei valdsam greie, rett der
I kanten av synet, rett der den kan kimtast
Vil snu meg vekk, ikkje sjå, ikkje annerkjene
Ignorerar klumpen, då går den nok vekk
Eg veit den ikkje gjer det
Men eg kan lære å leve med den, den blir meg
Ein del av meg eg ikkje ser på
Ein del eg går vekk frå
Håpar ingen finner den, at ingen pirkar i den
La den liggja, berre litt til
Ver så snill
La den liggja, ute av syne, litt til
Berre litt
Til

eg ser folk som er glade
hundar som lograr og grøne bladar
eg ser par som feirar
mødre som rødmar og fedre som klappar
eg lukkar gardinane mine
slik at eg slepper å sjå på ting som er i orden

@markus@skvip.lol
Eg skal prøve å installere ei ny føderert teneste kor eg kan leggje ut kortprosa og dikt.
Kva burde eg kalle ho? (Eg skal prøve @hollo )
Option | Voters |
---|---|
prosa.skvip.lol | 6 (100%) |
dikt.skvip.lol | 0 (0%) |
tekst.skvip.lol | 0 (0%) |
Anna forslag (sjå svaret mitt) | 0 (0%) |